Årsmøte 2019

Det vert årsmøte i ØGS torsdag 7 mars på Guddal Skule kl 20:00.

(20.02.2019)

Årsmøte 2018

Det vert årsmøte i ØGS på Guddal skule torsdag 08. mars kl 20:00.

(26.02.2018)

Skadeskoten hjort observert

I dag er det observert ein skadeskoten bukk som kryssa i Grøvlelia. Det såg ut som dyret kom frå Langeland/Nyland. Bukken såg ut til å vere skoten i kjeven. Fjaler Ettersøksring har vore oppe og sett etter dyret utan hell og vil komme tilbake i morgon tidleg. Det er viktig å få avliva denne bukken, då dette er ein forferdeleg skade. Ser du denne på jakt, og har moglegheit, så avliv den og gje beskjed. Ser du den elles så ring til grunneigar / Fjaler Ettersøksring.
(30.09.2017)

Facebookgruppe

ØGS har oppretta ei eiga Facebook gruppe. Denne kan nyttast til å utveksle viktig informasjon. Gruppa kan nåas på denne adressa: https://www.facebook.com/groups/ovreguddalstorvald/

(22.02.2017)

Årsmøte 2017

Det vert årsmøte i ØGS torsdag 16 mars på Guddal Skule kl 20.00.

(22.02.2017)

Informasjon om CWD sjukdom på hjort

Vedlagt finn de informasjon om sjukdomen CWD på hjort. Fint om de alle kan distribuere denne informasjonen vidare til alle jegerar på dykkar jaktfelt.
Spesielle hensyn å ta er:

- Melde inn om de observerar daude, sjuke eller dyr med unormal oppførsel
- Handtering av slakt.

(07.09.2016)

Forslag vedtekter Ytre Sogn og Sunnfjord bestandsplanområde

Her finn du forslag til vedtekter for Ytre Sogn og Sunnfjord bestandsplanområde. Desse vert gjennomgått på årsmøtet 2016. Last ned her.

(03.03.2016)

Årsmøte 2016

Det vert årsmøte i ØGS torsdag 03 mars på Guddal Skule kl 20.00. 

(18.02.2016)

Hjort 2016 i Florø 10. - 11. mars - Invitasjon

I år som tidlegare opnar ein for at storvalda kan få dekka seminarutgifter, over viltfondet, til ein person per vald for deltaking på Hjorteseminar. I år går arrangementet av stabelen den 10-11 mars i Florø. Det vert tur til Svanøyna om veret tilet det.

(25.01.2016)

Ettersøksavtale 2015

Ettersøksavtale med Fjaler Ettersøksring er signert. Du kan laste ned kopi av denne ved å klikke her.

(31.08.2015)

Vårteljing 2015

Då er dei to vårteljingane ferdige, og resultatet er at det er mykje dyr i Øvre Guddal. Teljinga i slutten av mai nådde 225 dyr, noko som er ca 100 fleire dyr enn tidlegare maks tal. Klikk her for å sjå statistikken.

(31.05.2015)

Årsmøte i Fjaler Hjorteutval

Møte blir halde hos Matglede på Straumsnes. Ved stor påmelding, på grendahuset på Straumsnes.

Gjester: Johannes Folkestad, Vidar Samuelsen og  Finn-Olav Myhren

(10.03.2015)

Årsmøte 2015

Det vert halde Årsmøte i Øvre Guddal Storvald på Guddal Skule Torsdag 05.03.2014 kl 20:00. Møteinnkalling kan du sjå her.

(19.02.2015)

Villmarkskveld med Kristoffer Clausen

Kristoffer Clausen er Norges største jaktfilmprodusent og heltidsjeger med lidenskap for villmark. Har produsert 51 jaktfilmer på dvd + 15 TV programmer vist på NRK og TV2.

Clausen kommer til å vise filmklipp og fortelle om siste årets jakter etter elg, hjort, bjørn, rev, skogsfugl osv. Billettpris kr.150,-

(11.02.2015)

Prosjekt Forvaltning av hjortebestand 2013 - 2017

Det vert halde møte tysdag 18. november på Leirvik kro i Leirvik kl 20.00. Sjå vedlegg for meir informasjon.

(14.11.2014)