Hjort

Øvre Guddal Storvald er ei samling av grunneigarar i øvre del av Guddal. Valdet vart oppretta i 2006 og har hatt fleire periodar med felles forvaltningsplan bak seg.

Ny bestandsplan for perioden 2014 - 2016 er utarbeida.

Valdet skal samle rettshavarane i dei tidlegare småvalda i området for å forvalte hjorteviltet som ein del av næringsgrunnlaget i landbruket.

Valdet har som overordna mål å forvalte hjortestammen på ein slik måte at ein sikrar optimal og varig produksjon og avkastning, sunne og friske dyr, god fordeling på alder og kjønn og med rett storleik på stammen sett i høve til leveområdet si bere-evne (beitetilgang) og skadepress (skog og innmark) for anna verksemd.

Valdet skal arbeide med hjorteforvaltninga. Valdet skal tryggje at den grunneigarstyrde forvaltninga er skikkeleg planlagd og valdet fordelar fellingsløyve mellom medlemmane.

Valdet skal vere aktiv i arbeidet med å auke kunnskapane til medlemmane innanfor hjorteforvaltning.

Nyheter

Skadeskoten hjort observert

I dag er det observert ein skadeskoten bukk som kryssa i Grøvlelia. Det såg ut som dyret kom frå Langeland/Nyland. Bukken såg ut til å vere skoten i kjeven. Fjaler Ettersøksring har vore oppe og sett etter dyret utan hell og vil komme tilbake i morgon tidleg. Det er viktig å få avliva denne bukken, då dette er ein forferdeleg skade. Ser du denne på jakt, og har moglegheit, så avliv den og gje beskjed. Ser du den elles så ring til grunneigar / Fjaler Ettersøksring.

Årsmøte 2017

Det vert årsmøte i ØGS torsdag 16 mars på Guddal Skule kl 20.00.

Informasjon om CWD sjukdom på hjort

Vedlagt finn de informasjon om sjukdomen CWD på hjort. Fint om de alle kan distribuere denne informasjonen vidare til alle jegerar på dykkar jaktfelt.
Spesielle hensyn å ta er:

- Melde inn om de observerar daude, sjuke eller dyr med unormal oppførsel
- Handtering av slakt.

Årsmøte 2016

Det vert årsmøte i ØGS torsdag 03 mars på Guddal Skule kl 20.00. 

Hjort 2016 i Florø 10. - 11. mars - Invitasjon

I år som tidlegare opnar ein for at storvalda kan få dekka seminarutgifter, over viltfondet, til ein person per vald for deltaking på Hjorteseminar. I år går arrangementet av stabelen den 10-11 mars i Florø. Det vert tur til Svanøyna om veret tilet det.

Ettersøksavtale 2015

Ettersøksavtale med Fjaler Ettersøksring er signert. Du kan laste ned kopi av denne ved å klikke her.